Våmartveit – Kostveit
På Våmartveitsida tek løypa utgangspunkt i parkeringsplassen ved Brakketeomta. Høgaste punkt frå Våmartveitsida når ein etter om lag 1 km ved Kvæven (790 m.o.h.). Etter Kvæven kjem du til Beltrosli, her er postkasse med bok ein kan skrive i. Løypa gjeng så i lett terreng fram til Gåsvatn (772 m.o.h.) Rett før ein kjem til Gåsevassvikje kjem løypa inn på skogsvegen som den fyljer heilt over mot Kostveit. Ved Gåsevassvikje er ein halvvegs mellom Våmartveit og Kostveit. Frå toppen av Messlie (785 m.o.h.) som ligg om lag 1 km frå enden av løypa ber det nedover att til Kostveit. Heile løypa er 5 km. ein veg.
Foto: Ingvald Bjåland