Bøgrend – Våmartveit
Løypa startar frå parkeringsplass Bøgrend ved Torvhesja. Her finn du også informasjonstavle for løypene i området. Løypa kryssar straks Kåvsåi før du kjem til fyrste løypekryss. Her kan du ta til venstre sørover mot Århus eller til høgre nordover mot Drengshyl. Løypa sørover endar ved Århus i Bøgrend. Fylgjer du løypa nordover mot Drengshyl kjem du til nytt løypekryss der løypa møter tverrløypa til/frå Birkjebekk, Gravastøyl og Åmot. Fortset du vidare nordover passerar du Drengshyl før du kjem til Kåvsvatn og Dammen. Vidare frå Dammen gjeng løypa nordover langs vestsida av Våmarvatn og rundar til slutt søraustover mot Krossbakken og Brakketomta. Løypa er 11,1 km ein veg.
Foto: Anders Sandvik