Bøgrend – Gravastøyl
Løypa går frå parkeringsplassen i Bøgrend (Torvhesja) til Husmyre der ho kryssar Våmartveitvegen, og går austover til Birkjebekk. Så nordaustover mot Djupedal der ho vrir seg nord opp til høgste punktet på 880 moh ved Fyssmork. Her er ei meldingskasse med turbok. Så i austleg retning til Lomstjønnane og Skrøyvedalen, og i noko meir søraustleg nedfart til Åsbrekk og Gravastøyl Hyttegrend i Tjønnegrend. Løypa er totalt 7,5 km lang.
Foto: Ingvald Bjåland